Sumaren 2024
Ein lang sumar etterfølgt av ein fantastisk fadderperiode er omsider over 😢. Som vanleg har Webkom vore travle sjølv i feriemånadane og dei hektiske oppstartsvekene. Sidene våre har gjennomgått eit dryss med endringar og forbetringar, og me har dessutan starta to heilt nye prosjekt! 🤩 Alt dette, og meir, skal du få lese om i semesteret si første og EKSTRA STORE utgåve av den kjære Utviklarbloggen! 💕 Du hadde vel ikkje gløymd oss? 🤓
Drikkeleiknettsida
Du har kanskje vore innom drikkeleiknettsida vår under fadderpeioden? 🍺 På drikkeleker.abakus.no kan du nemleg finne ei mengde songar og interaktive leikar perfekte for festlege lag! 🍻🪩 Ta turen innom og sjekk ut kva me har å by på!

Nye ikon på abakus.no
I løpet av sumaren har me også jobba med å bytte ut alle ikona våre på abakus.no med Lucide-ikon! Du har kanskje lagt merke til dei allereie? 🤔 Skriv til oss kva du tykkjer kommentarfeltet nedanfor! 📝
| Før | Etter | 
|---|---|
Ny interessegruppeportal
Har du ein skikkeleg god idé til ei ny interessegruppe i Abakus? 🤔 Det er no nemleg enklare enn nokon gong å finne fram til informasjon om korleis ein kan starte si heilt eiga interessegruppe! 🚀 Ta ein titt på den nye interessegruppeportalen vår for å lese meir! 🌟


Oppdaterte sider på nyiabakus
I samband med oppstarten av eit nytt semester har me også oppdatert sidene våre på nyiabakus! 📚 I tillegg til å oppdatere alt av informasjon til dags dato, har me også laga ei ny side for innbyttarar, ei side for Om Abakus, og lagt til ein menyskuff på mobil! 📱


Hippieløpsida
Mange vil nok hugse Hippieløpet som eit av dei kjekkaste arrangementa under fadderperioden! 🏃🌼 Nytt for i år var den dedikerte hippieløpsida vår, der ein saman kunne registrere fullførte oppgåver og sjå kven som leia i løpet! 🥇🥈🥉 Ei stor forbetring frå tidlegare år, meiner me sjølve! 😄

Diverse designendringar
Som vanleg har me også fiksa litt på designet vårt her og der! 🎨 Ta ein titt nedanfor for å sjå nokre av dei endringane me har gjort!
| Før | Etter | 
|---|---|
![]()  | 
      ![]()  | 
    
| Før | Etter | 
|---|---|
![]()  | 
      ![]()  | 
    
| Før | Etter | 
|---|---|
![]()  | 
      ![]()  | 
    
| Før | Etter | 
|---|---|
![]()  | 
      ![]()  | 
    
Fullstendig endringslogg for sumaren 2024
- 🚀 - Ny funksjonalitet
 - ✨ - Forbedret funksjonalitet
 - 🎨 - Designendring
 - 🧹 - Opprydning
 - 🐛 - Bugfiks
 
- 🚀 Drikkeleiknettsida (drikkeleker)
 - 🚀 Oppretta ny utforming av interessegruppeportal (lego-webapp#4898)
 - 🚀 Lagt til brytar for synlegheit av passord i felt (lego-webapp#4805)
 - 🚀 Gjort alle skrivne e-postadresser til lenkjer (lego-webapp#4774)
 - 🚀 Oppretta accordion-komponent i lego-bricks (lego-webapp#4739)
 - 🚀 Lagt til alle adminsider (vote#642)
 - 🚀 Lagt til side for innbyttarar (nyiabakus#42) (Takk til annaholdenjacobsen!)
 - 🚀 Lagt til skuff på mobil (nyiabakus#55)
 - 🚀 Flytta om Abakus fra FAQ til ny side (nyiabakus#40) (nyiabakus#57)
 - ✨ Oppdatering av banner (lego-webapp#4914) (lego-webapp#4820)
 - ✨ Forbetra ytelse på verktøytips ved å bytte bibliotek (lego-webapp#4912)
 - ✨ Forbetra handtering av sortering av bedrifter (lego-webapp#4797)
 - ✨ Oppdatert og nytta EmptyState-komponenten (lego-webapp#4782)
 - ✨ Omformulert overskrift på bedriftsinteresserredigerer (lego-webapp#4778)
 - ✨ Oppdatert ulike overskrifter for å likne meir på kvarandre (lego-webapp#4776)
 - ✨ Endra oppførsel på ikon på siste readmekomponent til knapp (lego-webapp#4768)
 - ✨ Flytta info om personlege e-postar til opprettingsskjema (lego-webapp#4729)
 - ✨ Oppdatert info på opptakssida til 2024 (admissions#1738) (admissions#1737) (admissions#1733) (admissions#1732) (admissions#1721) (admissions#1542)
 - ✨ Lagt til oftare syning feilmeldingar i grupperedigeringsskjema (admissions#1731)
 - ✨ Oppdatert info på nyiabakus til 2024 (nyiabakus#56) (nyiabakus#54) (nyiabakus#53) (nyiabakus#52) (nyiabakus#51) (nyiabakus#38) (nyiabakus#37)
 - 🎨 Introdsert Lucide-ikoner (lego-webapp#4803) (lego-webapp#4896) (lego-webapp#4845)
 - 🎨 Mindre designendringar på jobbannonser (lego-webapp#4908)
 - 🎨 Forbetra kontaktinformasjon på jobbannonser (lego-webapp#4878)
 - 🎨 Mindre designendringar for avstemming (lego-webapp#4830)
 - 🎨 Forbetra tom stat-melding på jobbannonse-liste (lego-webapp#4827)
 - 🎨 Mindre designendringar på fotnote (lego-webapp#4815)
 - 🎨 Mindre forbetringar på kunngjeringsside (lego-webapp#4804)
 - 🎨 Mørklagt delar av webapplikasjonen (lego-webapp#4792)
 - 🎨 Oppdatert standardiserte avstandar (lego-webapp#4847) (lego-webapp#4790)
 - 🎨 Forbetra design i sidelayouts (lego-webapp#4712)
 - 🎨 Omarbeida verktøytips på bedriftsinteresseskjema (lego-webapp#4791)
 - 🎨 Oppdatert design på bedriftsdatabasen (lego-webapp#4814)
 - 🧹 Introdsert 
placeholder-colorvariabel (lego-webapp#4777) - 🧹 Endra ts-kompileringsvalg “module” til “preserve” (lego-webapp#4785)
 - 🧹 La til sanity-token og bruk utviklingsdatabase lokalt (nyiabakus#43)
 - 🧹 Oppgradert pyyaml og lxml (lego#3611)
 - 🧹 Rydda opp i EmptyState-komponenten (lego-webapp#4897)
 - 🧹 Fjerna duplikat global css-fil i lego-bricks (lego-webapp#4828)
 - 🧹 Oppgradert lego-editor til v2.4.0 (lego-webapp#4916)
 - 🧹 Fjerna 
es6-promise-poolavhengighet (lego-webapp#4821) - 🧹 Oversatt alle alts til norsk (lego-webapp#4779)
 - 🧹 Lagt til bidragsytarrettleiing og rydda readme (nyiabakus#44)
 - 🧹 Fjerna ubrukt api-endepunkt (nyiabakus#41)
 - 🐛 Fika automatisk tillegg av Abakus-gruppe (lego#3628)
 - 🐛 Fiksa skjult betalingsskjema om arrangement var delteke på (lego-webapp#4736)
 - 🐛 Fiksa typar og overløpsproblem i brukarinnstillingar (lego-webapp#4929)
 - 🐛 Fiksa innpakking av kommentarar for å hindre sider som skiftar feilaktig (lego-webapp#4928)
 - 🐛 Fiksa spacing-glitch for verktøytips (lego-webapp#4915)
 - 🐛 Løyst oppdateringsbugg på redigeringsside (lego-webapp#4911)
 - 🐛 Fiksa bug i tabellfiltrering som øydela lista over gruppedeltakarar (lego-webapp#4895)
 - 🐛 Fiksa z-indeksproblem på advarsel om registrering (lego-webapp#4889)
 - 🐛 Fiksa dårleg feltbreidder (lego-webapp#4888)
 - 🐛 Fiksa dårleg avstand på detaljar om arrangement (lego-webapp#4877)
 - 🐛 Hindra at bilderedigeringsmodalen lukkar seg når ein merkar (lego-webapp#4848)
 - 🐛 Fiksa dårleg avstand mellom artikkelmerker (lego-webapp#4831)
 - 🐛 Forhindra tekstoverflyt på feilgrense (lego-webapp#4796)
 - 🐛 Fiksa krasj på statistikkside (lego-webapp#4786)
 - 🐛 Fiksa overløpsproblem på møtedetaljar (lego-webapp#4775)
 - 🐛 Forhindra endeløs skjelettlasting for interessegrupper med < 10 medlemmar (lego-webapp#4756)
 - 🐛 Løyst saknande høgd på readme-container på offentleg framside (lego-webapp#4714)
 - 🐛 Fiksa henting av bedriftskontaktar i jobbannonseredigerer (lego-webapp#4599)
 - 🐛 Fiksa bug der samanlikning var casesensitive (admissions#1723)
 - 🐛 Fiksa bug i søknadsvalidering (admissions#1722)
 







