September og Oktober 2023

Skriven av Bestem0r

Hei og hogg! Ny månad, ny utviklarblogg! 🎉 Dei siste to månadane har me i Webkom jobba jamnt og trutt for å forbedre og vidareutvikle abakus.no og dei andre tenestene våre. Som ny bloggansvarleg er det derfor med stor ære og glede at eg no kan presentere nettopp kva me i Webkom har jobba med i desse haustmånadane.

Men før me går i gong, har du kanskje merka at noko er litt utanom det vanlege? Noko som skurrar litt når du les desse orda? Det stemmer! Dette og kommande innlegg kjem nemleg til å bli skrivne på det vakre landsmålet vårt, nynorsk! 🇳🇴

Det har seg nemleg slik at etter ei rask undersøking, har eg fått inntrykk av at det er forsvinnande lite nynorsk nytta på abakus sine sider. Så for å bidra til å rette på dette har eg bestemt meg for å skrive utviklarbloggen på nynorsk! 🤓 (Skriv gjerne ein kommentar om du er ueinig i dette valget, så kan me ta ein diskusjon om det!)

Nok målprat, la oss gå i gang med å sjå på kva me har fått til dei siste to månadane!


Diverse screenshots

Nye lenkjer i navigasjonsbaren

Har du kanskje lagt merke til nye knappar i navigasjonsbaren? 🤔 Heilt korrekt! Frå no av vil du finne lenkjer til relaterte sider ved å halde musepeikaren over dei ulike knappane i navigasjonsbaren! 🤯

Arrangementer Karriere Om Abakus
arrangementer karriere om-abakus

Eksterne lenkjer i navigasjonssida

I tillegg til å legge til nye lenkjer i navigasjonsbaren, har me også lagt til lenkjer til eksterne sider i navigasjonssida! 🤩

Før Etter
før etter

Tidlegare møter vert no syns dersom ein ikkje har kommande møter

Om ein no trykker på møteikonet i navigasjonsbaren, og ikkje har nokre kommande møter i kalanderen, vil ein no få opp ei liste over tidlegare møter. Praktisk, ikkje sant? 😎

møter

Oppdatert layout på statistikksida for arrangement

Statistikksida for arrangement har fått ny drakt med seksjonar og grid layout!

Inndeling i seksjonar Grid layout
seksjonar grid

Lagt til felt for arrangement-organisator

Arrangementansvarlege kan no legge til ein organisator for arrangementet sitt! 🎊

organisator

Lagt til sortering på adminsida til opptak

Opptak har no fått sortering på adminsida si! 🤩

sortering

Diverse designfikser

Me har også fått gjort ein del designendringar! 🎨

Før Etter
bildegalleri_før bildegalleri_etter
Før Etter
tekst_ikon_før tekst_ikon_etter
Før Etter
whitespace_før whitespace_etter


Endringslogg for september og oktober 2023


← Attende