November 2023
November er over og den uungåelege vinterkulda og mørkret har omsider lagt seg over Trondheim by 🥶. I dei tusen studenthyblar sit byens studentar djupt konsentrerte over bøker og notat i førebuinga til eksamensperioden me nå går inn i.
Er du kanskje ein av dei som treng eit lite avbrekk frå eksamenslesinga og det depressive vintervêret?
I så fall kan eg glede deg med at nyaste utgåve av utviklarbloggen er her! Lat oss sjå på kva Webkom har jobba med i november! 🎉
Individuelle emojis på møteinnkallingar
Har du nokon gong lurt på kven som har reagert med kva emoji på møteinnkallingar? 🤔 No kan du endeleg sjå det! Ved å halde musepeikaren over emoji-reaksjonen vil du få opp ei liste over kven som har reagert med den gitte emoji-en. 🥳
Før | Etter |
---|---|
Referent når ein opprettar møte
Du kan no legge til referent når du opprettar og inviterer ei gruppe til eit møte! 📝
Diverse designfiksar
Me har også fiksa litt på designet på abakus.no. Noko av dette gjeld spesielt for mobil. Dette inkluderer blant anna fiksing av header og sidebar, samt fiksing av statistikksida. 🎨
Før | Etter |
---|---|
Endringslogg for november 2023
- 🚀 - Ny funksjonalitet
- ✨ - Forbedret funksjonalitet
- 🎨 - Designendring
- 🧹 - Opprydning
-
🐛 - Bugfiks
- 🚀 Lagt til moglegheit for å sjå kven som har reagert på møteinnkallingar (lego-webapp#4271), lego#3520)
- 🚀 Opptaksansvarlege vil no få e-post når ein søknad vert fjerna (admissions#1288)
- ✨ Lagt til moglegheit for å legge til referent når ein opprettar møte (lego-webapp#4315)
- ✨ Endringar i interesseskjema for bedrifter (lego-webapp#4298)
- ✨ Lagt inn støtte for plassering på TBA arrangement (lego-webapp#4312), (lego#3521)
- ✨ Endra booking tid (lego#3525), (lego#3513)
- ✨ Endra periode for frysing av prikkar (lego#3515)
- 🎨 Fiksa header-plassering på mobil (lego-webapp#4331)
- 🎨 Fiksa sidebar-plassering på mobil (lego-webapp#4279)
- 🎨 Fiksa statistikkside på mobil (lego-webapp#4265)
- 🎨 Fiksa tomme navbar dropdowns (lego-webapp#4262)
- 🎨 Diverse designfiksar (lego-webapp#4280), (lego-webapp#4272)
- 🧹 Fiksa endring av månad i cypress (lego-webapp#4349)
- 🧹 Flytta lego-bricks dependencies (lego-webapp#4260)
- 🧹 Diverse opprydding (lego-webapp#4348), (lego-webapp#4345), lego-webapp#4311), (lego-webapp#4259), (lego-webapp#4258), (lego-webapp#4263), (lego-webapp#4282), (lego-webapp#4332), (lego-webapp#4310), (lego#3519)
- 🐛 Lagt inn att medlemsliste for grupper/komitear 😅 (lego-webapp#4346)
- 🐛 Lagt inn korrekt tilbakemelding når du lastar opp eit bilete (lego-webapp#4318)
- 🐛 Fiksa skrivefeil i nytt arrangement-sida (lego-webapp#4290)
- 🐛 Fiksa møteikon som ikkje lasta inn (lego-webapp#4281)
- 🐛 Fiksa feil med import sortering i CI (lego-webapp#4267)
- 🐛 Diverse bugfiksar (lego-webapp#4266), (lego#3530), (lego#3526)