Februar 2024

Skriven av Bestem0r

Etter ein travel månadsslutt med revy, konferanse, vaargalla og mykje anna spennande, kjem her eit litt forseinka innlegg i vår kjære utviklarblogg! 😅 Den siste månaden har webkom som vanleg jobba jamnt og trutt med å forbetre og utvikle abakus sine system. Her er ein oversikt over kva me har jobba med i februar! 🎉


Nytt forum for Abakus

Du har kanskje lagt merke til at ein ny knapp har dukka opp i navigasjonsmenyen på abakus.no? 🤔 Denne knappen med teksten “Forum” fører deg nemleg til det splitter nye forumet vårt! 🥳 Forumet er framleis i ein BETA-fase, så det kan vere nokre småfeil her og der (Gjerne rapporter desse i GitHub!). Per i dag er det mogleg å opprette og svare på trådar for ulike tema, og me håpar at dette vil bli ein fin plass for spørsmål og diskusjonar for alt relatert til abakus og studentlivet her i Trondheim! 📚

Forum_1 Forum_2 Forum_3


Google kalenderknapp for møter

Har du nokon gong ønska du kunne legge til eit enkelt møte i kalendaren din med eit enkelt trykk? I så fall har me gode nyheiter! 🎁 Takka vere nilsvselte er det no ein knapp inne på møteinnkallinga som gjer nettopp dette! 📅

Calendar

Fullstendig endringslogg for februar 2024


← Attende