Februar 2024
Etter ein travel månadsslutt med revy, konferanse, vaargalla og mykje anna spennande, kjem her eit litt forseinka innlegg i vår kjære utviklarblogg! 😅 Den siste månaden har webkom som vanleg jobba jamnt og trutt med å forbetre og utvikle abakus sine system. Her er ein oversikt over kva me har jobba med i februar! 🎉
Nytt forum for Abakus
Du har kanskje lagt merke til at ein ny knapp har dukka opp i navigasjonsmenyen på abakus.no? 🤔 Denne knappen med teksten “Forum” fører deg nemleg til det splitter nye forumet vårt! 🥳 Forumet er framleis i ein BETA-fase, så det kan vere nokre småfeil her og der (Gjerne rapporter desse i GitHub!). Per i dag er det mogleg å opprette og svare på trådar for ulike tema, og me håpar at dette vil bli ein fin plass for spørsmål og diskusjonar for alt relatert til abakus og studentlivet her i Trondheim! 📚

Google kalenderknapp for møter
Har du nokon gong ønska du kunne legge til eit enkelt møte i kalendaren din med eit enkelt trykk? I så fall har me gode nyheiter! 🎁 Takka vere nilsvselte er det no ein knapp inne på møteinnkallinga som gjer nettopp dette! 📅

Fullstendig endringslogg for februar 2024
- 🚀 - Ny funksjonalitet
 - ✨ - Forbedret funksjonalitet
 - 🎨 - Designendring
 - 🧹 - Opprydning
 - 🐛 - Bugfiks
 
- 🚀 Lansert abakus forum (lego-webapp#4446), (lego#3549)
 - 🚀 Lagt til Google kalenderknapp for møter (lego-webapp#4437) (Takk til nilsvselte!)
 - ✨ Gjort karakterlista i stigande rekkefølge (lego-webapp#4477)
 - ✨ Lagt til revybanner (lego-webapp#4467)
 - ✨ Inkludert sosiale medieprofilar til bedriftsinteresseskjemaet (lego#3552) (lego-webapp#4436)
 - ✨ Oppdatert moderator tips på vote (vote#644)
 - ✨ Berre syn tilbakemelding for brukarregistrering når relevant (lego-webapp#4427)
 - 🎨 Lagt til skjelletlasting (lego-webapp#4450) (lego-webapp#4438)
 - 🎨 Implementert oversikt-stil med rutenett (lego-webapp#4472)
 - 🎨 Lagt til korrekt tekst for sjekkboks (lego-webapp#4424)
 - 🎨 Standardisert suksessfarge (lego-webapp#4425)
 - 🎨 Lagt til prioritering av custom flex (lego-webapp#4453)
 - 🧹 Endra kommunikasjonsteknologi til cybersikkerhet og datakommunikasjon i banneret (lego-webapp#4426)
 - 🧹 Satt opp backupopptak (admissions#1407)
 - 🧹 Rydda opp i arrangementssia (lego-webapp#4484)
 - 🧹 Fjerna funksjonalitet for smittesporing (lego-webapp#4476), (lego#3559)
 - 🧹 Endra BedEx-beskrivelse (lego-webapp#4435)
 - 🐛 Fiksa lasteindikator på profilsida (lego-webapp#4251)
 - 🐛 Fiksa feilmelding når du inviterer grupper du ikkje har tilgong til (lego-webapp#4420)
 - 🐛 Fiksa gruppetabell som forsvinn når du endrar roller (lego-webapp#4412))
 - 🐛 Fjerna redux form (lego-webapp#4422)
 - 🐛 Fiksa opplasting til bildegalleri (lego-webapp#4451)
 - 🐛 Gjort at usePreparedEffect returnerer løfte (lego-webapp#4474)
 - 🐛 Fjerna knapp for å vise fleire arrangement når det ikkje er fleire arrangement å vise (lego-webapp#4486)
 - 🐛 Fiksa rekkjefølgje på spørsmål i undersøkelse (lego-webapp#4480)
 - 🐛 Nøyaktig sjekking av avkryssingsboksar på /hendingar-filter (lego-webapp#4482)
 - 🐛 Alltid send handlinga for å hente semestrar for interesseskjema (lego-webapp#4473)
 - 🐛 Fiksa utilsikta deaktivert e-postlistefelt (lego-webapp#4469)
 - 🐛 Ordentleg avvising av løfter på server (lego-webapp#4464)
 - 🐛 Fiksa storleiken på MazeMap-logoen (lego-webapp#4466)
 - 🐛 Fiksa interesseproblem (lego-webapp#4448)
 - 🐛 Fiksa sider som krasjar (lego-webapp#4452)