November 2023

Skriven av Bestem0r

November er over og den uungåelege vinterkulda og mørkret har omsider lagt seg over Trondheim by 🥶. I dei tusen studenthyblar sit byens studentar djupt konsentrerte over bøker og notat i førebuinga til eksamensperioden me nå går inn i.
Er du kanskje ein av dei som treng eit lite avbrekk frå eksamenslesinga og det depressive vintervêret? I så fall kan eg glede deg med at nyaste utgåve av utviklarbloggen er her! Lat oss sjå på kva Webkom har jobba med i november! 🎉


Individuelle emojis på møteinnkallingar

Har du nokon gong lurt på kven som har reagert med kva emoji på møteinnkallingar? 🤔 No kan du endeleg sjå det! Ved å halde musepeikaren over emoji-reaksjonen vil du få opp ei liste over kven som har reagert med den gitte emoji-en. 🥳

Før Etter
Før Etter

Referent når ein opprettar møte

Du kan no legge til referent når du opprettar og inviterer ei gruppe til eit møte! 📝

Referent

Diverse designfiksar

Me har også fiksa litt på designet på abakus.no. Noko av dette gjeld spesielt for mobil. Dette inkluderer blant anna fiksing av header og sidebar, samt fiksing av statistikksida. 🎨

Før Etter
Før Etter
Før Etter
Før Etter
Før Etter


Endringslogg for november 2023

← Attende