Mai 2024

Skriven av Bestem0r

Eksamen er endeleg over, og med det er ein velfortent sumarferie komen! ☀️🌊 Dessverre tyder dette også at det er semesteret si siste utgåve av Utviklarbloggen du no les 😥. Så set deg godt til rette, finn fram noko godt å drikke 🍺, og les om kva Webkom har jobba med i mai 2024! 🚀


Reaksjonar på kommentarar

Har du nokon gong lest ein kommentar som verkeleg har råka dine innerste kjensler? 🤔 Frå no av kan du nemleg endeleg gje uttrykk for kjenslane dine, ved å bruke reaksjonar på kommentarar! 😍🤣🤔🤬🥺

Reaksjonar


Ny ButtonGroup-komponent

Ein ny komponent har sett dagens lys i lego-bricks: ButtonGroup! 🎉 Denne komponenten gjer det enklare å gruppere knappar saman, og gir eit meir uniformt og ryddig design på nettsidene. 🧹

Før Etter
Before After


Finare knappar

For å gjere nettsidene våre endå finare, har me i det siste jobba litt med å forbetre diverse knappar. Dette har me mellom anna gjort ved å nytte react-aria til å forbetre navigeringa og hover-effektane på knappane våre. 🎨

Før Etter
Before After


Fullstendig endringslogg for mai 2024


← Attende