Desember 2023, januar 2024

Skriven av Bestem0r

Trudde du kanskje det var over og ut for utviklarbloggen då me ikkje kom med ein utgåve i desember? 🤔 Frykt ikkje! Etter ein lang juleferie er me nemleg tilbake med ei dobbeltutgåve av utviklarbloggen! 🎉 I denne utgåva kan du lese om alt me har jobba med i desember og januar! 🥳

Konfetti når ein opprettar ein brukar

For å feire nye abakule, har me no lagt til konfetti når ein opprettar ein brukar! 🎊 Litt ekstra stas altså! 🥳

Konfetti

Ny funksjonalitet i opptak

I løpet av desember og januar har me jobba med å legge til litt ny funksjonalitet i opptak. Dette inkluderer blant anna eksportinnstillingar og sletting av opptak. 📝

Eksportinnstillingar Sletting av opptak

Forbetra design på interessegruppesida

Me har også nyleg gjennomført ei stor forbetring av designet på interessegruppesida! 🎨 Sjå kor fint det har blitt! 🤩

Før Etter
Før 1 Etter 1
Før 2 Etter 2

Forbetra design på bedriftsdatabasen

Ikkje berre er interregruppesida forbetra, me har nemleg også pynta litt på designet til bedriftsdatabasen! Og det var jammen på tide… 🤭

Før Etter
Før Etter


Fullstendig endringslogg for desember 2023 og januar 2024


← Attende